Connect with us

Bíblia NORSMB

Josué 12

1 Dei kongarne austanfor Jordan som Israels-sønerne vann yver og tok landet frå millom Arnonåi og Hermonfjellet, med alle moarne i aust,

2 det var fyrst Sihon, amoritarkongen, som budde i Hesbon og rådde yver landet nordanfor Aroer innmed Arnonåi – frå midt i åi – og yver helvti av Gilead til Jabbokåi, som er landskilet mot Ammons-sønerne,

3 og yver moarne på austsida, upp til Kinneretsjøen, og ned til Moavatnet eller Saltsjøen, burt imot Bet-ha-Jesjimot og sud under Pisgaliderne;

4 so var det riket åt Og, kongen i Basan, ein av deim som var att av kjempefolket; han budde i Astarot og Edre’i,

5 og rådde yver fjellbygderne kring Hermon, og yver Salka, og yver heile Basan, til landskilet mot gesuritarne og ma’akatitarne, og yver helvti av Gilead, til landskilet mot Sihon, kongen i Hesbon.

6 Det var dei som Moses, Herrens tenar, og Israels-borni hadde vunne yver; og Moses, Herrens tenar, let rubenitarne og gaditarne og den eine helvti av Manasse-ætti få landet deira til eigedom.

7 Og dei kongarne som Josva og Israels-sønerne vann yver i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanonsdalen til svadknausen som ris upp imot Se’ir – det landet som Josva skifte ut åt Israels-ætterne, grein for grein –

8 i fjellbygderne og på låglandet og på moarne og i liderne og i øydemarki og i Sudlandet, kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne,

9 det var: Kongen i Jeriko, ein, kongen i Aj, som ligg tett med Betel, ein,

10 kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,

11 kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakis, ein,

12 kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,

13 kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,

14 kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,

15 kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,

16 kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,

17 kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,

18 kongen i Afek, ein, kongen i Lassaron, ein,

19 kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,

20 kongen i Simron-Meron, ein, kongen i Aksaf, ein,

21 kongen i Ta’anak, ein, kongen i Megiddo, ein,

22 kongen i Kedes, ein, kongen i Jokneam innmed Karmel, ein,

23 kongen i Dor på Dorhøgderne, ein, kongen yver Gojim attmed Gilgal, ein,

24 kongen i Tirsa, ein, i alt ein og tretti kongar.

Continuar Lendo