Connect with us

Bíblia NORSMB

Isaías 20

1 Det året då Tartan kom til Asdod, den gongen Sargon, kongen i Assyria, sende honom, og han stridde mot Asdod og hertok det –

2 på den tidi tala Herren gjenom Jesaja, son åt Amos, soleis: «Upp, løys din klædnad av sekkjety av lenderne dine og drag skorne av føterne dine!» Og han gjorde soleis og gjekk naken og berrføtt.

3 Og Herren sagde: «Liksom tenaren min, Jesaja, hev gjenge naken og berrføtt, og no i tri år hev vore eit teikn og eit varsel um Egyptarland og Ætiopia,

4 soleis skal kongen i Assyria lata fangarne frå Egyptarland, dei burtførde frå Ætiopia, både unge og gamle, fara av stad nakne og berrføtte og med berr bak, til skjemsla for Egyptarland.

5 Då skal dei verta forfælte og skjemmast yver Ætiopia, som var voni deira, og yver Egyptarland, som dei rosa seg av.

6 Og dei som bur på denne strandi, skal segja på den dagen: «Soleis gjekk det med deim me studde oss til, med deim me flydde til i von um hjelp imot assyrarkongen. Korleis kann då me koma undan?»»

Continuar Lendo