Connect with us

Bíblia NORSMB

Apocalipse 1

1 Jesu Kristi openberring, som Gud gav honom til å visa tenarane sine det som snart skal hendast; og han sende bod ved engelen sin og synte det i teikn for tenaren sin Johannes,

2 som hev vitna um Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han såg.

3 Sæl er den som les og dei som høyrer det profetiske ord og gøymer det som stend skrive der; for tidi er nær!

4 Johannes til dei sju kyrkjelydarne i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå honom som er og som var og som kjem, og frå dei sju ånder som er framfor hans kongsstol,

5 og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei daude og herren yver kongarne på jordi! Honom som elskar oss og hev fria oss frå synderne våre med sitt blod,

6 og som hev gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud og sin Fader, honom tilhøyrer æra og magti i all æva! Amen.

7 Sjå, han kjem med skyerne, og kvart auga skal sjå honom, ogso dei som hev gjenomstunge honom, og alle ætter på jordi skal gråta sårt for honom. Ja, Amen!

8 Eg er A og Å, segjer Herren Gud, han som er og som var og som kjem, den Allmegtige.

9 Eg, Johannes, som er dykkar bror og luthavande i trengsla og i riket og i tolmodet i Jesus, eg var på den øyi som heiter Patmos, for Guds ord og Jesu vitnemål skuld.

10 Eg var burtrykt i Anden på Herrens dag, og eg høyrde attanfor meg ei sterk røyst som av ein basun, som sagde:

11 «Det du ser, skriv det upp i ei bok og send det til dei sju kyrkjelydarne, til Efesus og til Smyrna og til Pergamum og til Tyatira og til Sardes og til Filadelfia og til Laodikea!»

12 Og eg snudde meg, so eg kunde sjå røysti som tala med meg, og då eg snudde meg, såg eg sju ljosestakar av gull,

13 og midt imillom dei sju ljosestakarne ein som var lik ein menneskjeson, klædd i ein fotsid kjole og umbunden under bringa med eit gullbelte,

14 og hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull, som snø, og augo hans som eldsloge,

15 og føterne hans var liksom skinande kopar, som dei var glødde i ein omn, og røysti hans var som ljod av mange vatn.

16 Og han hadde sju stjernor i si høgre hand, og eit tvieggja kvast sverd gjekk ut or munnen hans, og hans åsyn var som soli når ho skin i si kraft.

17 Og då eg såg honom, fall eg ned for føterne hans som ein daud; og han lagde si høgre hand på meg og sagde:

18 «Ottast ikkje! eg er den fyrste og den siste og den livande; og eg var daud, og sjå, eg er livande i all æva! Og eg hev lyklarne til dauden og til helheimen.

19 Skriv då det du såg, både det som er, og det som skal henda heretter,

20 løyndomen med dei sju stjernorne som du såg i mi høgre hand, og dei sju gull-ljosestakarne! Dei sju stjernorne er englar for dei sju kyrkjelydarne, og dei sju ljosestakarne er dei sju kyrkjelydarne.»

Continuar Lendo