Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Samuel 11

1 Ammoniten Nahas drog upp og kringsette Jabes i Gilead. Då sagde alle Jabes-buarne med Nahas: «Gjer forlik med oss, so skal me tena deg!»

2 Men ammoniten Nahas svara deim: «Ja, på det vilkåret gjer eg forlik med dykk, at eg sting ut høgre auga på dykk alle, til skjemsla for heile Israel

3 Styresmennerne i Jabes sagde til honom: «Gjev oss sju dagar frest, so me fær skikka bod yver heile Israelsriket. Er det so ingen som bergar oss, so skal me gjeva oss yver til deg.»

4 Då sendebodi kom til Sauls Gibea og lagde fram saki fram for folket, brast heile folket i gråt.

5 Saul kom nett heim frå åkeren attum uksarne. Han spør: «Kva hev kome åt folket, etter di dei græt?» Dei fortalde honom det som Jabes-buarne hadde sagt.

6 Då Saul høyrde dette, kom Guds ande yver honom; harmen loga upp i honom;

7 og han tok tvo uksar, lema deim sund og sende stykki rundt i heile Israelsriket med sendebod som sagde: «Den som ikkje fylgjer Saul og Samuel, hans uksar skal fara soleis.» Ei rædsla frå Herren fall på heile folket. Og ut drog dei, alle som ein.

8 Han mynstra heren i Bezek; Israels-sønerne talde tri hundrad tusund, og Juda-folki tretti tusund.

9 Dei sagde med sendemennerne som var komne: «So skal det segja med Jabes-buarne i Gilead: «I morgon ved høgstedags leite skal de få hjelp!»» Då sendemennerne kom heim og fortalde det til Jabes-buarne, vart dei glade.

10 Og dei sagde til Nahas: «I morgon skal me gjeva oss yver til dykk; då fær de gjera med oss som de tykkjer.»

11 Morgonen etter skifte Saul folket i tri flokkar. Og dei braut seg inn i lægret fyrstundes i otta, og hogg ned ammonitarne frå morgonen til høgstedags leite. Dei som slapp undan, vart spreidde til alle kantar, so det vart ikkje att tvo i lag.

12 Då sagde folket med Samuel: «Kven var det som sagde: «Skal Saul vera konge yver oss?» Lat oss få tak i dei kararne, so vil me drepa deim.»

13 Men Saul sagde: «Ingen skal drepast i dag. For i dag hev Herren gjeve Israel siger.»

14 Og Samuel sagde med folket: «Kom, lat oss ganga til Gilgal og nya upp kongedømet der!»

15 Og heile folket gjekk til Gilgal, og gjorde Saul til konge der framfor Herren i Gilgal, og ofra takkoffer framfor Herren. Og alle Israels-mennerne gledde seg med ovstor fagnad.

Continuar Lendo