Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Reis 13

1 Men nettupp då Jerobeam stod ved altaret og vilde kveikja offereld, kom det på Herrens bod ein gudsmann frå Juda til Betel.

2 Og etter Herrens fyresegn ropa han imot altaret og sagde: «Altar, altar! So segjer Herren: «Ein son skal verta fødd åt Davids hus; Josia skal han heita, på deg skal han ofra offerhaug-prestarne som kveikjer offereld på deg; mannebein skal dei då brenna på deg.»»

3 Same gongen nemnde han eit teikn og sagde: «Dette er teiknet på at Herren hev tala: Sjå, altaret skal rivna, og oska som er på det, skal renna utyver.»

4 Då kong Jerobeam høyrde det som gudsmannen ropa imot altaret i Betel, rette han ut handi frå altaret og sagde: «Tak honom!» Men handi som han hadde rett ut imot honom visna, og han kunde ikkje taka henne til seg att.

5 Og altaret rivna, og oska rann ut frå altaret; det var teiknet som gudsmannen hadde nemnt, etter Herrens bod.

6 Då svara kongen og sagde til gudsmannen: «Vil du naudbeda Herren, din Gud, at eg må kunna taka handi til meg att?» Og gudsmannen naudbad Herren, og kongen kunde då taka handi til seg att, og ho vart som ho hadde vore fyrr.

7 Då sagde kongen til gudsmannen: «Kom heim med meg og styrk deg, og lat meg få gjeva deg ei gåva!»

8 Men gudsmannen sagde til kongen: «Um du gav meg helti av huset ditt, vilde eg ikkje ganga inn med deg like vel; her vil eg korkje eta eller drikka.

9 For det bodet eg fekk av Herren: «Du skal ikkje eta brød og ikkje drikka vatn, og ikkje skal du fara den same vegen attende som du gjekk av stad.»»

10 Og so for han av ei annan veg og vende ikkje heim att den vegen han var komen.

11 Men i Betel budde ein gamall profet, og son hans kom og fortalde honom alt det gudsmannen hadde gjort i Betel den dagen, og kva han hadde sagt til kongen. Og då dei hadde fortalt dette til far sin,

12 sagde far deira til deim: «Kva veg gjekk han?» Sønerne hadde set kva veg gudsmannen hadde fare, han som var komen frå Juda.

13 Då sagde han til sønerne sine: «Sala asnet åt meg!» Då dei so hadde sala asnet åt honom, sette han seg på det

14 og tok ut etter gudsmannen og fann honom; han under eiki; og han spurde honom: «Er du den gudsmannen som er komen frå Juda?» Han svara: «Ja, det er eg.»

15 Då sagde han til honom: «Fylg meg heim, og et med meg!»

16 Men han svara: «Eg kann ikkje ganga attende med deg eller stiga innum hjå deg, og eg kann korkje eta eller drikka med deg her;

17 for det kom eit ord til meg frå Herren: «Du skal korkje eta eller drikka der; du skal ikkje heller fara attende same vegen som du gjekk dit.»»

18 Han sagde til honom: «Eg og er profet liksom du, og ein engel hev tala til meg på Herrens bod og sagt: «Få honom attende med deg og gjev honom mat og drikka!»» Men det laug han for honom.

19 So snudde han um att med honom og åt i huset hans og drakk.

20 Men medan dei sat ved bordet, kom Herrens ord til profeten som hadde fenge honom attende.

21 Og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda, og sagde: «So segjer Herren: «For di du hev vore motstridig mot Herrens ord og ikkje lydt det bodet som Herren, din Gud, gav deg,

22 men snudde um att og ete og drukke på den staden der han hadde forbode deg å gjera det, so skal liket ditt ikkje koma i fedregravi di.»»

23 Då han no hadde ete og drukke, sala han asnet åt honom, åt profeten, som han hadde fenge attende.

24 Og han tok i veg, men ei løva råka honom på vegen og drap honom. Sidan låg liket hans slengt på vegen; men asnet gav seg til å standa attmed det, og løva stod like eins attmed liket.

25 Då no folk som gjekk framum der, fekk sjå liket hans slengt på vegen, og løva standande attmed det, gjekk dei inn i byen der den gamle profeten budde, og tala um det.

26 Då profeten som hadde fenge honom attende frå vegen, høyrde det, sagde han: «Det er gudsmannen som var motstridig imot Herrens ord; difor hev Herren gjeve honom løva i vald, og ho hev rive honom sund og drepe honom, etter det ord som Herren hadde tala til honom.»

27 Og han sagde til sønerne sine: «Legg sal på asnet åt meg!» Og dei sala det.

28 So tok han ut og fann liket liggjande slengt på vegen, og løva og asnet standane attmed liket; løva hadde ikkje ete av liket og ikkje rive sund asnet heller.

29 Og profeten tok upp liket av gudsmannen og lagde honom på asnet og tok honom med seg attende; og den gamle profeten gjekk inn i byen sin og vilde halda syrgjehøgtid og gravleggja honom.

30 Og han lagde liket hans i si eigi grav, og dei heldt syrgjehøgtid og ropa: «Eie, eie meg, bror min!»

31 Då han no hadde gravlagt honom, sagde han til sønerne sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den gravi som gudsmannen ligg i; legg beini mine attmed hans bein.

32 For det skal sanna seg, det som han, etter Herrens ord, sagde imot altaret i Betel og imot alle offerhaughusi i byarne i Samaria

33 Jerobeam vende like vel ikkje um ifrå sin vonde veg etter denne hendingi, men heldt fram med å gjera til prestar ved offerhaugarne både likt og ulikt. Den som berre hadde hug til det, fekk av honom handi fyllt, so dei kunde verta prestar ved haugarne.

34 På denne vis vart Jerobeam upphavsmann til synd i ætti si og orsak til at huset hans vart utrudt og utstroke av jordi.

Continuar Lendo