Connect with us

Bíblia NORSMB

Romanos 10

1 Brør! mitt hjartans ynskje og mi bøn til Gud for deim er at dei må verta frelste.

2 For eg gjev deim det vitnemålet at dei hev ihuge for Gud, men ikkje med skynsemd;

3 for då dei ikkje kjende Guds rettferd, men stræva etter å grunna si eigi rettferd, so gav dei seg ikkje inn under Guds rettferd.

4 For Kristus er enden på lovi til rettferd for kvar den som trur.

5 For Moses skriv um den rettferd som er av lovi: «Det menneskjet som gjer desse ting, skal liva ved deim.»

6 Men den rettferdi som er av tru, segjer so: «Seg ikkje i ditt hjarta: «Kven skal fara upp til himmelen» – det vil segja til å henta Kristus ned -?

7 eller: «Kven skal fara ned i avgrunnen» – det vil segja til å henta Kristus upp frå dei daude -?»

8 Men kva segjer ho? «Ordet er deg nær i munnen din og i hjarta ditt;» det er ordet um tru, det som me forkynner,

9 for dersom du sannar med munnen din at Jesus er herre, og trur du i hjarta ditt at Gud vekte honom upp frå dei daude, so skal du verta frelst;

10 for med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelsa.

11 For Skrifti segjer: «Kvar den som trur på honom, skal ikkje verta til skammar.»

12 For det er inkje skil på jøde og grækar; alle hev dei same Herre, som er rik nok for alle som kallar på honom.

13 For kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

14 Korleis skal dei då kalla på den som dei ikkje trur på? og korleis skal dei tru der dei ikkje hev høyrt? og korleis skal dei høyra utan det er nokon som forkynner?

15 Og korleis skal dei forkynna utan dei vert utsende? som skrive stend: «Kor fagre føterne deira er, som forkynner fred, som ber godt bod!»

16 Men ikkje alle lydde fagnadbodet. For Jesaja segjer: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde?»

17 So kjem då trui av høyring, men høyringi ved Kristi ord.

18 Men eg segjer: Hev dei då ikkje høyrt det? Jau, til vissa; «røysti deira gjekk yver all jordi, og ordi deira til heimsens endar.»

19 Men eg segjer: Skyna ikkje Israel det då? Fyrst segjer Moses: «Eg vil gjera dykk åbruige på det som ikkje er eit folk, på eit uvitugt folk vil eg gjera dykk harme.»

20 Og Jesaja vågar seg til å segja: «Eg vart funnen av deim som ikkje søkte meg; eg synte meg for deim som ikkje spurde etter meg.»

21 Men um Israel segjer han: «All dagen rette eg ut henderne mine til eit ulydugt og motstridigt folk.»

Continuar Lendo