Connect with us

Bíblia NORSMB

Filipenses 2

1 Er det då nokor trøyst i Kristus, er det nokor hugsvaling i kjærleik, er det noko samfund i Anden, er det nokor medkjensla og miskunn:

2 so gjer mi gleda fullkomi, so de hev same hug, med di de hev same kjærleiken og samlyndte hev den eine hugen,

3 ikkje gjer noko av stridssykja eller lyst til tom æra, men i audmykt vyrder kvarandre høgre enn dykk sjølve.

4 Sjå ikkje kvar på sin eigen bate, men kvar på baten til dei andre og!

5 Lat dette huglaget vera i dykk, som og var i Kristus Jesus,

6 han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit ran å vera Gud lik,

7 men gav sjølv avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, med di han kom i likning med menneskje, og då han i åtferd var funnen som eit menneskje,

8 nedra han seg sjølv, so han vart lydug alt til dauden, ja til dauden på krossen.

9 Difor hev og Gud storleg upphøgt honom og gjeve honom det namn som er yver kvart eit namn,

10 so i Jesu namn skal kvart kne bøygja seg, deira som er i himmelen og på jordi og under jordi,

11 og kvar tunga skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra.

12 Difor, mine kjære, liksom de alltid hev vore lyduge, so arbeid, ikkje berre som i mitt nærvære, men no endå meir i mitt fråvære, på dykkar frelse med age og otte!

13 For Gud er den som verkar i dykk både å vilja og verka for sin gode vilje.

14 Gjer alt utan murring og tvilsmål,

15 so de kann vera lastelause og reine, Guds ulastande born midt i ei ukyndt og rangsnudd ætt, der de syner dykk som ljos i verdi,

16 med di de held fram livsens ord, meg til ros på Kristi dag, at eg ikkje hev laupe til unyttes eller arbeidt til unyttes.

17 Men um eg og vert ofra, medan eg gjer altartenesta og ber dykkar tru fram til offer, so gled eg meg og gled meg saman med dykk alle.

18 Gled og de dykk like eins, og gled dykk saman med meg!

19 Eg hev den voni i Herren Jesus, at eg snart kann senda Timoteus til dykk, so eg og kann verta glad i hug, når eg fær vita korleis det er med dykk.

20 For eg hev ingen med slikt eit lynde, som so ærleg kann hava umsut for dykk.

21 For dei søkjer alle sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til;

22 men hans prøvde truskap kjenner de, at liksom ein son tenar far sin, so hev han tent med meg for evangeliet.

23 Honom vonar eg då å kunna senda straks når eg ser utgangen på saki mi.

24 Men eg hev den tillit i Herren at eg og sjølv skal koma snart.

25 Eg fann det naudsynleg å senda til dykk Epafroditus, min bror og medarbeidar og medstridsmann og dykkar sendemann og tenar til hjelp for mi trong,

26 av di han lengta etter dykk alle, og var ottefull for di de hadde høyrt at han var sjuk.

27 For han var verkeleg sjuk og dauden nær; men Gud gjorde miskunn mot honom, ja, ikkje berre mot honom, men mot meg og, so eg ikkje skulde hava sorg på sorg.

28 Difor sender eg honom so mykje snarare, at de kann gleda dykk ved å sjå honom att, og eg vera meir sutlaus.

29 Tak då imot han i Herren med all gleda, og haldt slike i æra!

30 For for Kristi gjerning skuld kom han dauden nær, då han ikkje vyrde sitt liv, so han kunde bøta på saknaden av dykk ved tenesta mot meg.

Continuar Lendo